Online Instagram Content ViewerImgGra
  1. Homepage
  2. @allkunne
Allkunne – Levande leksikon (@allkunne) Instagram Profile Photo allkunne
Fullname

Allkunne – Levande leksikon

Bio Allkunne.no er eit digitalt oppslagsverk på nynorsk. Her finn du foto og fakta om mange emne.

Profile Url

Share
Statistics for "Allkunne – Levande leksikon (@allkunne)"
Suggested users for Instagram Profile "Allkunne – Levande leksikon (@allkunne)"
Kongsgård Elevmållag (@kongsgardelevmallag) Instagram Profile Photokongsgardelevmallag

Kongsgård Elevmållag

ÅRAM PLUSS (@arampluss) Instagram Profile Photoarampluss

ÅRAM PLUSS

Lena Marie Landsverk Sande (@lenalandsverk) Instagram Profile Photolenalandsverk

Lena Marie Landsverk Sande

Tharaniga Rajah (@tharaniga_) Instagram Profile Phototharaniga_

Tharaniga Rajah

Dikt av Olav H. Hauge (@haugedikt) Instagram Profile Photohaugedikt

Dikt av Olav H. Hauge

Museumsnytt (@museumsnytt) Instagram Profile Photomuseumsnytt

Museumsnytt

Allkunne – Levande leksikon (@allkunne) Instagram photos and videos

List of Instagram medias taken by Allkunne – Levande leksikon (@allkunne)

 image by Allkunne – Levande leksikon (@allkunne) with caption : "25. mars er nasjonaldagen til Hellas. 🇬🇷⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀Gresk er førstespråket til over 13 millionar m" - 2007281339430225001
ReportShareDownload015

25. mars er nasjonaldagen til Hellas. 🇬🇷⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀Gresk er førstespråket til over 13 millionar menneske. Det er det einaste offisielle språket i Hellas, og det er offisielt språk på Kypros i tillegg til tyrkisk. Gresk utgjer ei eiga grein av den indoeuropeiske språkfamilien. Norsk er mellom dei få språka i verda der Hellas heiter meir eller mindre det same som på gresk. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Ordet grekar heng saman med latin Graecus 'gresk'. «Graecus er lånt frå gamalgresk Graikós Γραικός 'gresk', eit ord med same tyding som gamalgresk Hellēnikós Ἑλληνικός 'hellensk'. På gamalgresk heitte landet Hellás Ἑλλάς, og på nygresk Elláda [ɛˈlaða] Ελλάδα og Ellás [ɛˈlas] Ελλάς. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Gresk etter 1453, då det bysantinske riket fall, kallar vi nygresk. Heilt sidan den etterklassiske koiné-perioden (330 f.Kr. – 330 e.Kr.) har det vore ei tevling mellom eit naturleg daglegspråk og eit arkaiserande språk påverka av klassisk gresk. På 1800- og 1900-talet fanst to konkurrerande skriftspråk, det talespråksbaserte, folkelege dēmotikḗ [ðimɔtiˈci] δημοτική og det arkaiserande, puristiske katharéuousa [kaθaˈɾɛvusa] καθαρέυουσα. I 1976 blei dēmotikḗ det einaste offisielle språket i Hellas. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ☞ Les meir på allkunne.no ☜ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Bilete av Akropolis (høgborga) i Aten: Aleksandr Zykov på flickr.com. CC BY-SA 2.0. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀

 image by Allkunne – Levande leksikon (@allkunne) with caption : "I dag er det venta at om lag 20 000 norske skuleelevar vil streike for klimaet. 🌍 ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Drivhuseff" - 2005084500408664072
ReportShareDownload018

I dag er det venta at om lag 20 000 norske skuleelevar vil streike for klimaet. 🌍 ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Drivhuseffekten er den oppvarminga av jorda som skjer når varme blir fanga i atmosfæren. Drivhuseffekten er ein føresetnad for livet på jorda, men er samtidig årsak til menneskeskapte klimaendringar, ei av dei største utfordringane i vår tid. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Drivhuseffekten oppstår når atmosfæren til ein planet slepper inn solstrålane, men hindrar varmen frå planetoverflata i å sleppe ut att. På jorda blir kortbølgja stråling frå sola – synleg og ultrafiolett lys – reflektert frå jordoverflata i form av langbølgja varmestråling. Ein del av denne varmestrålinga blir absorbert i atmosfæren, og til dels send tilbake mot jorda. Utan drivhuseffekten hadde jorda hatt ein global gjennomsnittstemperatur på nær minus 20 gradar celsius. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Ein skil mellom naturleg og menneskeskapt drivhuseffekt. Dei viktigaste gassane som medverkar naturleg til drivhuseffekten i jordatmosfæren, er vassdamp, karbondioksid, metan, lystgass og ozon. Alle desse gassane finst naturleg i atmosfæren, men menneskeleg aktivitet kan endre konsentrasjonen av gassane, og dermed intensiteten i drivhuseffekten. I tillegg kjem utslepp av syntetiske gassar med kraftig drivhuseffekt, som fluorgassar. Sidan 1750 har menneska auka mengda av karbondioksid i atmosfæren med om lag 43 prosent, først og fremst gjennom brenning av olje, kol og gass. Dette gjer at drivhuseffekten er blitt forsterka, slik at gjennomsnittstemperaturen på jorda er i ferd med å stige og fører til menneskeskapte endringar i klimasystemet på jorda. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ☞ Les meir på allkunne.no ☜ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Bilete frå Operation IceBridge, som undersøkjer polarisen i Arktis i 2014. Kjelde: NASA on The Commons på flickr.com. Ingen kjende restriksjonar. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀

 image by Allkunne – Levande leksikon (@allkunne) with caption : "21. mars er den internasjonale FN-dagen for skog og tre. Markeringa set søkjelys på skogbevaring, berekraft og menneska " - 2004387556392867591
ReportShareDownload017

21. mars er den internasjonale FN-dagen for skog og tre. Markeringa set søkjelys på skogbevaring, berekraft og menneska som treng skogen. Dette er viktige faktorar i arbeidet mot klimaendringane. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Skog er ei vegetasjonsform som er dominert av tre. Om lag 30 % av jordoverflata er i dag dekt av skog. I dei kalde og tempererte stroka sør for tundraen på den nordlege halvkula veks barskogen. I dei tempererte områda lenger sør har det vakse fram ein blandingsskog av lauv- og bartre med overgang til den sommargrøne lauvskogen. I tropane finn ein ulike former for lauvskog. Der nedbøren er rikeleg året rundt, veks den eviggrøne regnskogen. Den regngrøne skogen (monsunskog og vinterskog) fell blada sine i tørketida. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ☞ Les meir på allkunne.no ☜ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Bilete av avskoging i Rio Branco i Brasil: CIFOR på flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀

 image by Allkunne – Levande leksikon (@allkunne) with caption : "I dag er det 191 år sidan Henrik Johan Ibsen blei fødd i Skien. Ibsen blir rekna som grunnleggjaren av det moderne teate" - 2003811283970828787
ReportShareDownload028

I dag er det 191 år sidan Henrik Johan Ibsen blei fødd i Skien. Ibsen blir rekna som grunnleggjaren av det moderne teateret, og nest etter Shakespeare er han den mest spela dramatikaren i verda. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ I 1850–51 gjekk han på Heltbergs studentfabrikk i Oslo for å ta artium. Men Ibsen strauk i gresk og aritmetikk, og universitetsutdanninga blei det aldri noko av. I staden arbeidde han i ein periode som frilansjournalist, før han i 1851 byrja som sceneinstruktør og forfattar ved Det norske Theater i Bergen, som Ole Bull etablerte i 1850. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Ibsens første teaterstykket var «Catilina» (1850), som han gav ut under psevdonymet Brynjolf Bjarme, men det tok ei stund før han slo gjennom. Stordomstida hans strekkjer seg frå «Kongsemnerne» (1863) til «Når vi døde vågner» (1899). Det store internasjonale gjennombrotet kom i 1879 med «Et dukkehjem». Dei største verka skreiv Ibsen i utlandet. Han fekk ei rekkje prisar, utmerkingar og ordenar. Han var også foreslått til nobelprisen i litteratur i 1902 og 1903, men det var landsmannen Bjørnstjerne Bjørnson som fekk prisen i 1903. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ☞ Les meir om Henrik Ibsen på allkunne.no ☜ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Bilete: Henrik Ibsen i 1894. Fotograf: Daniel Georg Nyblin. Kjelde: Nasjonalbiblioteket på flickr.com. Biletnr. bldsa_ib0053. Ingen kjende restriksjonar. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀

 image by Allkunne – Levande leksikon (@allkunne) with caption : "19. mars 1962 gir Columbia Records ut den sjølvtitulerte debutplata til Bob Dylan. Han har sidan februar 1961 spela på k" - 2002955116818364292
ReportShareDownload120

19. mars 1962 gir Columbia Records ut den sjølvtitulerte debutplata til Bob Dylan. Han har sidan februar 1961 spela på klubbar i Greenwich Village i New York, men plata slår ikkje med det same. Det første året sel plateselskapet 5000 eksemplar. Dei fleste av dei 13 songane på plata er tradisjonssongar i Dylans eigne arrangement. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ⠀⠀⠀⠀ Med på plata er også «Song to Woody», ei hylling av det store førebiletet Woody Guthrie. Denne songartisten og politiske aktivisten har i lang tid samla inn amerikansk tradisjonsmusikk og sjølv skrive mange songar. Blant dei er «This Land is Your Land» frå 1940, som er eit kritisk svar til «God Bless America» av Irving Berlin. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Same året møter Guthrie ein annan tradisjonssamlar, den radikale Pete Seeger. Desse to fornyarane av amerikansk tradisjonsmusikk er nødvendige føresetnader for dei opningane Bob Dylan i 1960-åra skaper for moderne vestleg visesong og rock. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ I 2016 får Bob Dylan Nobels litteraturpris «for having created new poetic expressions within the great American song tradition». ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ☞ Les meir på allkunne.no ☜ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Bilete: Bob Dylan saman med Joan Baez under ein borgarrettsmarsj 28. august 1963 i Washington D.C. Foto: Rowland Scherman / U.S. Information Agency. Press and Publications Service. Kjelde: National Archives. Ingen kjende restriksjonar / falle i det fri (id.nr. 542021). ⠀ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ⠀⠀

 image by Allkunne – Levande leksikon (@allkunne) with caption : "18. mars 1965 blir kosmonauten Aleksej A. Leonov det første mennesket som oppheld seg utanfor eit romfartøy i verdsromme" - 2002265907518309423
ReportShareDownload118

18. mars 1965 blir kosmonauten Aleksej A. Leonov det første mennesket som oppheld seg utanfor eit romfartøy i verdsrommet. Romvandringa varer i 12 minutt før Leonov returnerer til romfartøyet Voskhod 2. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Voskhod, som tyder soloppgang på russisk, er namnet på to sovjetiske tremanns romfartøy. Voskhod 1 vart skote opp 12.10.1964 og var i rommet i 24 timar og 17 minutt. Det var det første romfartøyet med plass til meir enn éin person. Voskhod 2 vart skote opp 18.3.1965 og var i rommet i 26 timar og 2 minutt. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ☞ Les meir på allkunne.no ☜ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Bilete av Aleksej Leonov under den felles amerikanske og sovjetiske romferda Apollo-Sojus i juli 1975. Kjelde: NASA Johnson på flickr.com. CC BY-NC 2.0. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀

 image by Allkunne – Levande leksikon (@allkunne) with caption : "17. mars 1733 blir den tyske matematikaren og oppdagingsreisande Carsten Niebuhr fødd i dagens Cuxhaven. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀" - 2001428907781487490
ReportShareDownload015

17. mars 1733 blir den tyske matematikaren og oppdagingsreisande Carsten Niebuhr fødd i dagens Cuxhaven. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Den 7. januar 1761 legg orlogsskipet «Grønland» frå kai i København med Niebuhr og fem vitskapsfolk om bord. Då skipet kjem til Bombay 10. februar 1764, er Niebuhr den einaste overlevande på denne såkalla arabiske reisa. Niebuhr får kopiert mykje kileskrift i Persepolis og Behistun i dagens Iran. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Arbeidet hans blir vendepunktet i arbeidet med å tolke tekstar på akkadisk i kileskrift. Dette skriftsystemet blir etter kvart avløyst av alfabet, men den yngste teksten i kileskrift er frå om lag 75 e.Kr. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Akkadisk blei utvikla i Midtausten frå om lag 3150 f.Kr. og delte seg frå 2000 f.Kr. i babylonsk og assyrisk. Språket var i bruk fram mot Kristi fødsel, både som det mest utbreidde språket i regionen og som språk for makt, diplomati og forvaltning. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ I desember 1901 finn den katolske presten Jean-Vincent Scheil den såkalla Hammurabi-steinen i Susa i Iran. Den inneheld kong Hammurabis lover frå om lag 1770 f.Kr., skrivne på babylonsk. Lovene utgjer 8000 ord i kileskrift og kan reknast som den eldste kjende sakprosateksten. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Steinen blir frakta til Louvre i Paris, og takka vere Niebuhrs arbeid – og nokre etterfølgjarar – kan Scheil omsetje teksten på seks månader i 1902. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ☞ Les meir på allkunne.no ☜ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Bilete: utsnitt av inskripsjonen på Hammurabi-steinen. Kjelde: Gabriele Barni på flickr.com. CC BY 2.0. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀

 image by Allkunne – Levande leksikon (@allkunne) with caption : "16. mars 1940 døyr den svenske forfattaren Selma Lagerlöf på Mårbacka i Värmland. Ho er ein av dei fremste diktarane i s" - 2000780871925424961
ReportShareDownload025

16. mars 1940 døyr den svenske forfattaren Selma Lagerlöf på Mårbacka i Värmland. Ho er ein av dei fremste diktarane i svensk litteratur. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ 33 år gamal debuterer ho i 1891 med «Gösta Berlings saga». Internasjonalt når Lagerlöf lengst ut med «Nils Holgerssons underbara resa genom Sverige». Denne boka er meint som ei lesebok for skulen og kjem ut i to delar i 1906-07. Med tida blir den omsett til meir enn 60 språk. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ I 1909 får ho som første kvinne nobelprisen i litteratur «på grund av den ädla idealitet, den fantasiens rikedom och den framställningens själfullhet, som prägla hennes diktning». Fem år seinare blir Selma Lagerlöf som første kvinne vald inn i Svenska Akademien. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ☞ Les meir på allkunne.no ☜ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Bilete av  Selma Lagerlöf. Kjelde: jwyg på flickr.com. CC BY-SA 2.0. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀

 image by Allkunne – Levande leksikon (@allkunne) with caption : "15. mars 1990 blir juristen og den tidlegare generalsekretæren i kommunistpartiet Mikhail Gorbatsjov vald til den første" - 2000259884314146016
ReportShareDownload010

15. mars 1990 blir juristen og den tidlegare generalsekretæren i kommunistpartiet Mikhail Gorbatsjov vald til den første presidenten i Sovjetunionen. Det er fem år sidan han 11. mars 1985 blei vald til generalsekretær i Det sovjetrussiske kommunistpartiet. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Han har gjort tre ord – «glasnost» (openheit), «perestrojka» (omstrukturering) og «uskorenie» (fartsauke) – til kjennemerke for den økonomiske og politiske reformprosessen som då tok til. Alle orda bruker han i den nye tydinga dei no får, i ein tale til sentralkomiteen i kommunistpartiet 10. desember 1984, og Pravda refererer frå talen to dagar seinare. Gorbatsjov blir både den første og den siste presidenten i det store samveldet. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Den 25. desember 1991 blir Det sosialistiske samveldet av sovjetrepublikkar som var blitt skipa i 1917, offisielt oppløyst. I åra som følgjer, får dette mykje å seie for språkpolitikken i dei tidlegare sovjetrepublikkane. Før den russiske revolusjonen i 1917 førte tsarveldet ein streng eittspråkspolitikk for russisk i Russland. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ I Sovjetunionen skulle prinsippet vere jamstilling, og ikkje noko språk skulle vere offisielt. Alle hadde rett til å bruke sitt språk og ta si utdanning på det språket. Dette sette også grenser for bruken av russisk. Då tida for Sovjetunionen er ute, får dei mange språka rundt om i dei tidlegare sovjetrepublikkane nye sjansar, ofte i kombinasjon med ein reaksjon mot russisk. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ☞ Les meir på allkunne.no ☜ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Bilete av Mikhail Gorbatsjov: Veni på flickr.com. CC BY 2.0. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀

 image by Allkunne – Levande leksikon (@allkunne) with caption : "I dag er det 140 år sidan Albert Einstein (1879–1955) kom til verda. Den tyskfødde sveitsisk-amerikanaren gav vesentlege" - 1999314224647751135
ReportShareDownload019

I dag er det 140 år sidan Albert Einstein (1879–1955) kom til verda. Den tyskfødde sveitsisk-amerikanaren gav vesentlege bidrag til utviklinga av moderne fysikk gjennom fleire epokegjerande arbeid, blant anna innanfor kvantefysikk. Han fekk nobelprisen i fysikk i 1921 for lova om den fotoelektriske effekten. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Einstein arbeidde som professor i Praha, Zürich, Berlin og deretter ved Princeton University i USA. Mest kjend er han for relativitetsteorien, som han publiserte i to delar, høvesvis den spesielle (1905) og den generelle (1915). Teorien innebar ei radikal omvelting av det fysiske verdsbiletet vårt, og av omgrepa tid og rom. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Relativitetsteorien var basis for utviklinga av atombomba. I 1939 åtvara blant anna Einstein president Roosevelt om at tyskarane gjorde forsøk på å skaffe uran 235, som dei trong for å lage bomba. Seinare gav Einstein sterkt uttrykk for si frykt for bruken av kjernevåpen, blant anna i Russel-Einstein-manifestet (1955). Dei siste tiåra av livet sitt arbeidde Einstein for å finne ein samla teori for dei kjende naturkreftene (The Theory of Everything), utan å lukkast. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ☞ Les meir på allkunne.no ☜ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Bilete av Albert Einstein: Kraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum på digitaltmuseum.no. Inventarnr.: I-HF0314. CC BY-NC-SA 4.0. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀

 image by Allkunne – Levande leksikon (@allkunne) with caption : "13. mars 2012 melder Encyclopaedia Britannica at utgåva deira i 32 band frå 2010 blir den siste på papir. Frå no av er d" - 1998611458920842418
ReportShareDownload015

13. mars 2012 melder Encyclopaedia Britannica at utgåva deira i 32 band frå 2010 blir den siste på papir. Frå no av er det Encyclopaedia Britannica Online som gjeld. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Dette er det eldste oppslagsverket på engelsk som framleis kjem ut, og det har i fleire hundre år vore rekna som standarden for gode leksikon. Den første utgåva var på tre band og kom ut i Edinburgh 1768-71. Tiltaket var eit engelsk svar på det franske leksikonet Encyclopédie, utvikla av Dénis Diderot og første gongen utgitt 1751–72. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Frå og med den 11. utgåva i 1911 blir artiklane kortare for å tilpasse leksikonet til den nordamerikanske marknaden, men med engelsk rettskriving. Verket har lenge hatt om lag 500 000 oppslagsord og inneheld om lag 40 millionar ord. Den første digitale utgåva kom i 1994. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Om lag 4400 medarbeidarar og 100 fulltidstilsette redaktørar arbeider med å oppdatere leksikonet, men i lengda er sjølv ikkje dette nok til å vere oppdatert. Med omlegginga til rein digital utgåve tok det engelske leksikonet same vegen som alle kommersielle leksikon har gått sidan 1990-åra og utviklinga av Wikipedia frå 2001.⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ☞ Les meir på allkunne.no ☜ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Bilete: The Encyclopaedia Britannica; a dictionary of arts, sciences, and general literature. 9th edition. Edinburgh: A. and C. Black, 1875–1889. Kjelde: Burns Library, Boston College på flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀

 image by Allkunne – Levande leksikon (@allkunne) with caption : "12. mars 1455 skriv biskop Enea Silvio Piccolomini, som seinare blir pave Pius II, i eit brev til kardinal Juan Carvajal" - 1998124683349885436
ReportShareDownload018

12. mars 1455 skriv biskop Enea Silvio Piccolomini, som seinare blir pave Pius II, i eit brev til kardinal Juan Carvajal at han har møtt ein forunderleg mann i Frankfurt am Main som driv og lagar mange kopiar av Bibelen, og at han alt har ferdig mellom 158 og 180 eksemplar. Mannen, som ikkje blir namngitt, er boktrykkjaren Johann von Gutenberg. Han har i åra 1452-1454 sett Bibelen med lause trebokstavar, forma av medarbeidaren Peter Schoffer, og med om lag 20 medarbeidarar har han prenta om lag 150 eksemplar på papir og 30 på pergament av den latinske omsetjinga Vulgata, som utgjer 1281 sider i to band. Både pergament og papir var av det ypparste som kunne skaffast. Brevet frå biskopen er ei av få sikre tidfestingar. I dag er 49 eksemplar kjende av Gutenberg-bibelen. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Oppfinninga til Gutenberg opnar for ei teknologisk modernisering av den skriftkulturen som er under utvikling. Alt ved utgangen av 1500-talet er det truleg prenta med enn 10 000 ulike bøker. Frå då av verkar det nye massemediet sterkt inn på kvardagslivet til dei som har råd til å kjøpe bøker. At kong Frans I i Frankrike gjer all prenting av bøker til eit alvorleg lovbrot i 1535, får ingen ting å seie. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Den nye teknologien for massespreiing av skrift flyttar latin endå nærmare utgangen frå kvardagen: Bøker kan bli prenta på kva språk det skal vere. I Mainz har Gutenberg Museum sidan 1901 dokumentert både historia om Bibelen og prentekunsten med særleg vekt på Tyskland. Der ligg også eit eksemplar av Gutenberg-bibelen. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ☞ Les meir på allkunne.no ☜ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Bilete av Gutenberg-bibelen utstilt i Lennox Library i New York. Foto: NYc Wanderer, flickr.com CC BY 2.0. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀

 image by Allkunne – Levande leksikon (@allkunne) with caption : "11. mars 2007 vart partiet Raudt stifta. Raudt er ei samanslåing av tidlegare Raud Valallianse (RV) og Arbeidernes Kommu" - 1997217061222454473
ReportShareDownload016

11. mars 2007 vart partiet Raudt stifta. Raudt er ei samanslåing av tidlegare Raud Valallianse (RV) og Arbeidernes Kommunistiske Parti (AKP). Den første leiaren i Raudt var Torstein Dahle. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀I m-l-rørsla som Raudt spring ut av, var Pål Steigan og Trond Øgrim sentrale. Trond Øgrim var viktig som premissleverandør og ideolog, medan Steigan også hadde leiarposisjonen i knappe ti år. Dei var begge dogmatiske marxistar som slo ned på høgreavvik internt.⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ På 1990-talet var Erling Folkvord i partileiinga i AKP og seinare stortingsrepresentant for RV. Han fekk ry som ein hardtarbeidande og uredd politikar. Rundt tusenårskiftet var Aslak Sira Myhre RV-leiar. Han var ein framifrå debattant, men veljaroppslutnaden ved stortingsvala låg mellom éin og to prosent. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Bjørnar Moxnes har leia Raudt sidan 2012. Han har markert partiet som sterk motstandar av såkalla velferdsprofitørar, mellom anna i barnehagesektoren og innanfor eldreomsorga. I 2017 kom Raudt inn på Stortinget for første gong då Moxnes vart vald inn for Oslo. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ☞ Les meir på allkunne.no ☜ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Bilete av Bjørnar Moxnes. Foto: Einar Aslaksen, rødt.no på Flickr.com CC BY 2.0. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀

ReportShareDownload128

I dag fyller Edvard Hoem 70 år! 🎉 Er du ein Hoem-kjennar? Test kunnskapene dine om den markante og stilsikre forfattaren på allkunne.no – trykk på kvissen øvst på nettstaden. Lykke til! Foto: Ivar Aasen-tunet

 image by Allkunne – Levande leksikon (@allkunne) with caption : "9. mars 1944 kunngjer statsminister Winston Churchill i Underhuset at den engelske regjeringa vil støtte forsøket på å g" - 1995735247987263328
ReportShareDownload024

9. mars 1944 kunngjer statsminister Winston Churchill i Underhuset at den engelske regjeringa vil støtte forsøket på å gjere Basic English til internasjonalt hjelpespråk. Ni år seinare får han nobelprisen i litteratur for bøkene sine om britisk historie og den krigen han no er midt i.⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Basic English er forenkla engelsk, utvikla av Charles Key Ogden i 1920-åra, og ordtilfanget er avgrensa til 850 ord. Ogden opprettar i 1927 The Orthological Institute for å fremje dette språket, og i 1932 gir han ut «Finnegan’s Wake» av James Joyce omsett til Basic English. Dei allierte avviser tanken om å bruke Basic English. I 1950-åra fell interessa for Basic English. Eit mykje brukt argument er at eit så enkelt språk kan gå ut over tankeevna. Nokre tiår seinare dukkar Plain English opp. I 1978 tek president Jimmy Carter i USA initiativet til å endre offentlege regelverk som kan gjere desse «cost-effective and easy-to-understand by those who were required to comply with them». ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Andre land har følgt opp med handlingsplanar og tiltak for klarspråk – som Sverige frå 1993, og Noreg med klarspråkteneste i Språkrådet frå 2006. Frå 1993 blir eit internasjonalt nettverk for klarspråk utvikla. Dette tek seinare form som Plain Language Association International. Variantar av blandingsengelsk blir lingua franca i ulike land, som manglish i Malaysia, singlish i Singapore og taglish i Filippinane. Reaskjonane er ymse. Den 5. oktober 2006 innfører regjeringa i Malaysia bøter for den som i visse offentlege samanhengar bruker manglish. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ☞ Les meir på allkunne.no ☜ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Bilete av Winston Churchill. Kjelde: SDASM Archives (katalognr.: BIOC00314), flickr.com (ingen kjente restriksjonar / falle i det fri). ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀

 image by Allkunne – Levande leksikon (@allkunne) with caption : "Gratulerer med den internasjonale kvinnedagen! 🌹 ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ 8. mars 1922 avgjer Vladimir Lenin a" - 1995007203291124234
ReportShareDownload029

Gratulerer med den internasjonale kvinnedagen! 🌹 ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ 8. mars 1922 avgjer Vladimir Lenin at dagen skal vere ei årleg feiring av innsatsen til kvinnene i den russiske revolusjonen i 1917. Ein nasjonal kvinnedag er første gongen blitt arrangert 28. februar 1909 i USA. Året etter vedtek over hundre kvinner frå 17 land på ein konferanse i regi av Den sosialistiske internasjonale i København å innføre ein internasjonal dag for å heidre arbeidet for kvinnerettar og støtte arbeidet for allmenn røysterett. Dette blir gjort i Russland både i 1913 og i 1917, på siste søndagen i februar etter den gregorianske kalenderen, som i 1917 svarar til 8. mars i den julianske. Dei sameinte nasjonane anerkjende denne dagen i 1975, og 8. mars er no offisiell fridag i om lag 30 land. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Språk og kjønn har mykje med kvarandre å gjere, men ingen stad meir enn i skriftsystemet nüshu i Kina frå 1400-talet. Dette er det einaste kjende skriftsystemet som berre har vore brukt av kvinner. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ☞ Les meir på allkunne.no ☜ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Bilete av venussymbolet: Philippa Willitts på flickr.com. CC BY-NC 2.0. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀

 image by Allkunne – Levande leksikon (@allkunne) with caption : "Thomas av Aquino (Thomas Aquinas) levde frå 1225 til 7. mars 1274. Han var ein italiensk dominikanarmunk, kyrkjelærar og" - 1994395127711499311
ReportShareDownload010

Thomas av Aquino (Thomas Aquinas) levde frå 1225 til 7. mars 1274. Han var ein italiensk dominikanarmunk, kyrkjelærar og filosof. Thomas av Aquino var den fremste teologen i mellomalderen. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Gjennom å sameine den aristoteliske filosofien og den kyrkjelege læretradisjonen i eit harmonisk system innleidde han ein ny epoke i teologihistoria. Thomas av Aquino skil mellom natur og nåde, og mellom naturleg teologi og openberringsteologi. Liksom nåden ikkje er imot menneskenaturen, men gjer han fullkomen, er den naturlege teologien ikkje i strid med openberringsteologien, men eit grunnlag han kan byggje vidare på. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Hovudverket «Summa Contra Gentiles» og «Summa Theologia», som ikkje vart avslutta, framstiller òg den skolastiske metoden på eksemplarisk vis. Thomas av Aquino vart kanonisert i 1329. I 1879 gjorde pave Leo den 13. tenkinga hans til mønster for katolsk filosofi. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ☞ Les meir på allkunne.no ☜ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Bilete: statue av Thomas av Aquino i klosteret San Esteban i Salamanca i Spania. Lawrence OP på flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀

 image by Allkunne – Levande leksikon (@allkunne) with caption : "6. mars 1853 blei operaen «La Traviata» av den italienske komponisten Giuseppe Verdi urframført i Venezia. Premieren ble" - 1993684435622608519
ReportShareDownload020

6. mars 1853 blei operaen «La Traviata» av den italienske komponisten Giuseppe Verdi urframført i Venezia. Premieren blei ein fiasko, men seinare har verket blitt ein av dei mest populære operaene i verda. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Hovudpersonen Violetta lever eit utsvevande liv i Paris og har alt ved starten av operaen fått tuberkulosen som til slutt vert banen hennar. Som i andre Verdi-verk er eit lettsindig liv knytt i hop med element av vokal virtuositet, som får sitt høgdepunkt i den rikt ornamenterte valsearien «Sempre libera» («Alltid fri») i slutten av første akt. Avstanden derifrå til andre akta, når far til Alfredo overtyder henne om at ho må forlate sonen for familien si ære, er svært stor. Verdi sin dramatiske sans nyanserer portrettet av Violetta og gjer henne til ei av dei høgast elska heltinnene i heile operahistoria. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Giuseppe Fortunino Fransesco Verdi (1813–1901) er den fremste italienske operakomponisten gjennom tidene, og verk som «Rigoletto» (1851) og «Aida» (1871) ruvar framleis i operarepertoaret. Han forandra vokalidealet i italiensk opera frå den lyriske bel canto-røysta til ei kraftigare og meir dramatisk røyst. Verdi sine 28 operaer er eineståande i konsistens, og heile 10 av dei er inne på operabase.com si liste over dei 50 oftast framførte operaene i verda. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ☞ Les meir på allkunne.no ☜ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Bilete frå ei framføring av «La Traviata»: Quincena Musical på flickr.com. CC BY 2.0. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀