Online Instagram Content ViewerImgGra
  1. Homepage
  2. levandeleksikon

#levandeleksikon hashtag

Posts attached with hashtag: #levandeleksikon

Allkunne – Levande leksikon (@allkunne) Instagram Profile Photoallkunne

Allkunne – Levande leksikon

 image by Allkunne – Levande leksikon (@allkunne) with caption : "25. mars er nasjonaldagen til Hellas. 🇬🇷⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀Gresk er førstespråket til over 13 millionar m" - 2007281339430225001
ReportShareDownload015

25. mars er nasjonaldagen til Hellas. 🇬🇷⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀Gresk er førstespråket til over 13 millionar menneske. Det er det einaste offisielle språket i Hellas, og det er offisielt språk på Kypros i tillegg til tyrkisk. Gresk utgjer ei eiga grein av den indoeuropeiske språkfamilien. Norsk er mellom dei få språka i verda der Hellas heiter meir eller mindre det same som på gresk. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Ordet grekar heng saman med latin Graecus 'gresk'. «Graecus er lånt frå gamalgresk Graikós Γραικός 'gresk', eit ord med same tyding som gamalgresk Hellēnikós Ἑλληνικός 'hellensk'. På gamalgresk heitte landet Hellás Ἑλλάς, og på nygresk Elláda [ɛˈlaða] Ελλάδα og Ellás [ɛˈlas] Ελλάς. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Gresk etter 1453, då det bysantinske riket fall, kallar vi nygresk. Heilt sidan den etterklassiske koiné-perioden (330 f.Kr. – 330 e.Kr.) har det vore ei tevling mellom eit naturleg daglegspråk og eit arkaiserande språk påverka av klassisk gresk. På 1800- og 1900-talet fanst to konkurrerande skriftspråk, det talespråksbaserte, folkelege dēmotikḗ [ðimɔtiˈci] δημοτική og det arkaiserande, puristiske katharéuousa [kaθaˈɾɛvusa] καθαρέυουσα. I 1976 blei dēmotikḗ det einaste offisielle språket i Hellas. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ☞ Les meir på allkunne.no ☜ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Bilete av Akropolis (høgborga) i Aten: Aleksandr Zykov på flickr.com. CC BY-SA 2.0. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ #levandeleksikon

Allkunne – Levande leksikon (@allkunne) Instagram Profile Photoallkunne

Allkunne – Levande leksikon

 image by Allkunne – Levande leksikon (@allkunne) with caption : "I dag er det venta at om lag 20 000 norske skuleelevar vil streike for klimaet. 🌍 ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Drivhuseff" - 2005084500408664072
ReportShareDownload018

I dag er det venta at om lag 20 000 norske skuleelevar vil streike for klimaet. 🌍 ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Drivhuseffekten er den oppvarminga av jorda som skjer når varme blir fanga i atmosfæren. Drivhuseffekten er ein føresetnad for livet på jorda, men er samtidig årsak til menneskeskapte klimaendringar, ei av dei største utfordringane i vår tid. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Drivhuseffekten oppstår når atmosfæren til ein planet slepper inn solstrålane, men hindrar varmen frå planetoverflata i å sleppe ut att. På jorda blir kortbølgja stråling frå sola – synleg og ultrafiolett lys – reflektert frå jordoverflata i form av langbølgja varmestråling. Ein del av denne varmestrålinga blir absorbert i atmosfæren, og til dels send tilbake mot jorda. Utan drivhuseffekten hadde jorda hatt ein global gjennomsnittstemperatur på nær minus 20 gradar celsius. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Ein skil mellom naturleg og menneskeskapt drivhuseffekt. Dei viktigaste gassane som medverkar naturleg til drivhuseffekten i jordatmosfæren, er vassdamp, karbondioksid, metan, lystgass og ozon. Alle desse gassane finst naturleg i atmosfæren, men menneskeleg aktivitet kan endre konsentrasjonen av gassane, og dermed intensiteten i drivhuseffekten. I tillegg kjem utslepp av syntetiske gassar med kraftig drivhuseffekt, som fluorgassar. Sidan 1750 har menneska auka mengda av karbondioksid i atmosfæren med om lag 43 prosent, først og fremst gjennom brenning av olje, kol og gass. Dette gjer at drivhuseffekten er blitt forsterka, slik at gjennomsnittstemperaturen på jorda er i ferd med å stige og fører til menneskeskapte endringar i klimasystemet på jorda. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ☞ Les meir på allkunne.no ☜ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Bilete frå Operation IceBridge, som undersøkjer polarisen i Arktis i 2014. Kjelde: NASA on The Commons på flickr.com. Ingen kjende restriksjonar. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ #levandeleksikon

Allkunne – Levande leksikon (@allkunne) Instagram Profile Photoallkunne

Allkunne – Levande leksikon

 image by Allkunne – Levande leksikon (@allkunne) with caption : "I dag er det 191 år sidan Henrik Johan Ibsen blei fødd i Skien. Ibsen blir rekna som grunnleggjaren av det moderne teate" - 2003811283970828787
ReportShareDownload028

I dag er det 191 år sidan Henrik Johan Ibsen blei fødd i Skien. Ibsen blir rekna som grunnleggjaren av det moderne teateret, og nest etter Shakespeare er han den mest spela dramatikaren i verda. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ I 1850–51 gjekk han på Heltbergs studentfabrikk i Oslo for å ta artium. Men Ibsen strauk i gresk og aritmetikk, og universitetsutdanninga blei det aldri noko av. I staden arbeidde han i ein periode som frilansjournalist, før han i 1851 byrja som sceneinstruktør og forfattar ved Det norske Theater i Bergen, som Ole Bull etablerte i 1850. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Ibsens første teaterstykket var «Catilina» (1850), som han gav ut under psevdonymet Brynjolf Bjarme, men det tok ei stund før han slo gjennom. Stordomstida hans strekkjer seg frå «Kongsemnerne» (1863) til «Når vi døde vågner» (1899). Det store internasjonale gjennombrotet kom i 1879 med «Et dukkehjem». Dei største verka skreiv Ibsen i utlandet. Han fekk ei rekkje prisar, utmerkingar og ordenar. Han var også foreslått til nobelprisen i litteratur i 1902 og 1903, men det var landsmannen Bjørnstjerne Bjørnson som fekk prisen i 1903. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ☞ Les meir om Henrik Ibsen på allkunne.no ☜ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Bilete: Henrik Ibsen i 1894. Fotograf: Daniel Georg Nyblin. Kjelde: Nasjonalbiblioteket på flickr.com. Biletnr. bldsa_ib0053. Ingen kjende restriksjonar. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ #levandeleksikon

Allkunne – Levande leksikon (@allkunne) Instagram Profile Photoallkunne

Allkunne – Levande leksikon

 image by Allkunne – Levande leksikon (@allkunne) with caption : "19. mars 1962 gir Columbia Records ut den sjølvtitulerte debutplata til Bob Dylan. Han har sidan februar 1961 spela på k" - 2002955116818364292
ReportShareDownload120

19. mars 1962 gir Columbia Records ut den sjølvtitulerte debutplata til Bob Dylan. Han har sidan februar 1961 spela på klubbar i Greenwich Village i New York, men plata slår ikkje med det same. Det første året sel plateselskapet 5000 eksemplar. Dei fleste av dei 13 songane på plata er tradisjonssongar i Dylans eigne arrangement. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ⠀⠀⠀⠀ Med på plata er også «Song to Woody», ei hylling av det store førebiletet Woody Guthrie. Denne songartisten og politiske aktivisten har i lang tid samla inn amerikansk tradisjonsmusikk og sjølv skrive mange songar. Blant dei er «This Land is Your Land» frå 1940, som er eit kritisk svar til «God Bless America» av Irving Berlin. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Same året møter Guthrie ein annan tradisjonssamlar, den radikale Pete Seeger. Desse to fornyarane av amerikansk tradisjonsmusikk er nødvendige føresetnader for dei opningane Bob Dylan i 1960-åra skaper for moderne vestleg visesong og rock. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ I 2016 får Bob Dylan Nobels litteraturpris «for having created new poetic expressions within the great American song tradition». ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ☞ Les meir på allkunne.no ☜ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Bilete: Bob Dylan saman med Joan Baez under ein borgarrettsmarsj 28. august 1963 i Washington D.C. Foto: Rowland Scherman / U.S. Information Agency. Press and Publications Service. Kjelde: National Archives. Ingen kjende restriksjonar / falle i det fri (id.nr. 542021). ⠀ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ⠀⠀ #levandeleksikon

Allkunne – Levande leksikon (@allkunne) Instagram Profile Photoallkunne

Allkunne – Levande leksikon

 image by Allkunne – Levande leksikon (@allkunne) with caption : "18. mars 1965 blir kosmonauten Aleksej A. Leonov det første mennesket som oppheld seg utanfor eit romfartøy i verdsromme" - 2002265907518309423
ReportShareDownload118

18. mars 1965 blir kosmonauten Aleksej A. Leonov det første mennesket som oppheld seg utanfor eit romfartøy i verdsrommet. Romvandringa varer i 12 minutt før Leonov returnerer til romfartøyet Voskhod 2. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Voskhod, som tyder soloppgang på russisk, er namnet på to sovjetiske tremanns romfartøy. Voskhod 1 vart skote opp 12.10.1964 og var i rommet i 24 timar og 17 minutt. Det var det første romfartøyet med plass til meir enn éin person. Voskhod 2 vart skote opp 18.3.1965 og var i rommet i 26 timar og 2 minutt. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ☞ Les meir på allkunne.no ☜ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Bilete av Aleksej Leonov under den felles amerikanske og sovjetiske romferda Apollo-Sojus i juli 1975. Kjelde: NASA Johnson på flickr.com. CC BY-NC 2.0. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ #levandeleksikon

Allkunne – Levande leksikon (@allkunne) Instagram Profile Photoallkunne

Allkunne – Levande leksikon

 image by Allkunne – Levande leksikon (@allkunne) with caption : "16. mars 1940 døyr den svenske forfattaren Selma Lagerlöf på Mårbacka i Värmland. Ho er ein av dei fremste diktarane i s" - 2000780871925424961
ReportShareDownload025

16. mars 1940 døyr den svenske forfattaren Selma Lagerlöf på Mårbacka i Värmland. Ho er ein av dei fremste diktarane i svensk litteratur. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ 33 år gamal debuterer ho i 1891 med «Gösta Berlings saga». Internasjonalt når Lagerlöf lengst ut med «Nils Holgerssons underbara resa genom Sverige». Denne boka er meint som ei lesebok for skulen og kjem ut i to delar i 1906-07. Med tida blir den omsett til meir enn 60 språk. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ I 1909 får ho som første kvinne nobelprisen i litteratur «på grund av den ädla idealitet, den fantasiens rikedom och den framställningens själfullhet, som prägla hennes diktning». Fem år seinare blir Selma Lagerlöf som første kvinne vald inn i Svenska Akademien. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ☞ Les meir på allkunne.no ☜ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Bilete av  Selma Lagerlöf. Kjelde: jwyg på flickr.com. CC BY-SA 2.0. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ #levandeleksikon

Allkunne – Levande leksikon (@allkunne) Instagram Profile Photoallkunne

Allkunne – Levande leksikon

 image by Allkunne – Levande leksikon (@allkunne) with caption : "15. mars 1990 blir juristen og den tidlegare generalsekretæren i kommunistpartiet Mikhail Gorbatsjov vald til den første" - 2000259884314146016
ReportShareDownload010

15. mars 1990 blir juristen og den tidlegare generalsekretæren i kommunistpartiet Mikhail Gorbatsjov vald til den første presidenten i Sovjetunionen. Det er fem år sidan han 11. mars 1985 blei vald til generalsekretær i Det sovjetrussiske kommunistpartiet. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Han har gjort tre ord – «glasnost» (openheit), «perestrojka» (omstrukturering) og «uskorenie» (fartsauke) – til kjennemerke for den økonomiske og politiske reformprosessen som då tok til. Alle orda bruker han i den nye tydinga dei no får, i ein tale til sentralkomiteen i kommunistpartiet 10. desember 1984, og Pravda refererer frå talen to dagar seinare. Gorbatsjov blir både den første og den siste presidenten i det store samveldet. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Den 25. desember 1991 blir Det sosialistiske samveldet av sovjetrepublikkar som var blitt skipa i 1917, offisielt oppløyst. I åra som følgjer, får dette mykje å seie for språkpolitikken i dei tidlegare sovjetrepublikkane. Før den russiske revolusjonen i 1917 førte tsarveldet ein streng eittspråkspolitikk for russisk i Russland. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ I Sovjetunionen skulle prinsippet vere jamstilling, og ikkje noko språk skulle vere offisielt. Alle hadde rett til å bruke sitt språk og ta si utdanning på det språket. Dette sette også grenser for bruken av russisk. Då tida for Sovjetunionen er ute, får dei mange språka rundt om i dei tidlegare sovjetrepublikkane nye sjansar, ofte i kombinasjon med ein reaksjon mot russisk. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ☞ Les meir på allkunne.no ☜ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Bilete av Mikhail Gorbatsjov: Veni på flickr.com. CC BY 2.0. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ #levandeleksikon

Allkunne – Levande leksikon (@allkunne) Instagram Profile Photoallkunne

Allkunne – Levande leksikon

 image by Allkunne – Levande leksikon (@allkunne) with caption : "I dag er det 140 år sidan Albert Einstein (1879–1955) kom til verda. Den tyskfødde sveitsisk-amerikanaren gav vesentlege" - 1999314224647751135
ReportShareDownload019

I dag er det 140 år sidan Albert Einstein (1879–1955) kom til verda. Den tyskfødde sveitsisk-amerikanaren gav vesentlege bidrag til utviklinga av moderne fysikk gjennom fleire epokegjerande arbeid, blant anna innanfor kvantefysikk. Han fekk nobelprisen i fysikk i 1921 for lova om den fotoelektriske effekten. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Einstein arbeidde som professor i Praha, Zürich, Berlin og deretter ved Princeton University i USA. Mest kjend er han for relativitetsteorien, som han publiserte i to delar, høvesvis den spesielle (1905) og den generelle (1915). Teorien innebar ei radikal omvelting av det fysiske verdsbiletet vårt, og av omgrepa tid og rom. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Relativitetsteorien var basis for utviklinga av atombomba. I 1939 åtvara blant anna Einstein president Roosevelt om at tyskarane gjorde forsøk på å skaffe uran 235, som dei trong for å lage bomba. Seinare gav Einstein sterkt uttrykk for si frykt for bruken av kjernevåpen, blant anna i Russel-Einstein-manifestet (1955). Dei siste tiåra av livet sitt arbeidde Einstein for å finne ein samla teori for dei kjende naturkreftene (The Theory of Everything), utan å lukkast. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ ☞ Les meir på allkunne.no ☜ ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ Bilete av Albert Einstein: Kraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum på digitaltmuseum.no. Inventarnr.: I-HF0314. CC BY-NC-SA 4.0. ⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀ #levandeleksikon